Er du over 50 år, og kanskje litt skeptisk til det å skulle trene på eit treningssenter?
Me ynskjer å hjelpa deg i gang med treninga!

Me er klar over at dørstokkmila kan vera tung og krevande, og me ynskjer derfor å tilby deg
som er over 50 år, og som aldri har trent noko særleg, litt hjelp for å koma i gong med treninga.


Bli med på ein av våre populære oppstartsgrupper. Her tek me det i eit roleg tempo,
og du vert introdusert for det som me kan tilby av trening her hos oss.

Det vert felles samling to gonger i veka i 4 veker. Her vert det forskjellige typar trening,
samt litt råd og vink om kosthald og trening.

Me vil gjera merksame på at dette tilbodet er gratis for dei som melder seg på,
og det er heller ikkje noko krav om at ein må teikna medlemskap etter desse vekene.


Me set opp to grupper, ei føremiddagsgruppe og ei ettermiddagsgruppe.
Maks antal på kvar gruppe vert 10 personar, og me startar opp så snart me har fått fylt opp ei gruppe.

Dersom dette er av interesse eller du vil ha meir info kan du ta kontakt med oss i resepsjonen på Heiane
i våre opningstider, eller du kan sende oss ein E-post: post@heianetreningoghelse.no
Tlf: 53 40 10 50



Instagram
Google+