Velkommen som medlem hos oss
Som medlem har du fri tilgang til alle ordinære aktivitetar på senteret.
Du får tilrettelagt trening om du ynskjer det.
Timeplanen
Denne vert endra litt ved kvar sesong og rundt fellesferiane. Me set pris på å få ynskjer og tilbakemeldingar frå dykk når det gjeld dette.
Resepsjonen
Her sjekkar du deg inn med medlemskortet ditt kvar gong du kjem.
Du gir her beskjed om du skal delta på gruppetimar så me kan melda deg på desse.
Lokala
Det er kun medlemma som kan oppholde seg i lokala og garderobar. Ynskjer nokon å sjå korleis me har det kan ein av våre tilsette visa dei rundt.
Garderobar
Her er det skap som kan låsast med hengelås. Desse kan du få kjøp i resepsjonen eller ta med deg heimanifrå.
Det er ikkje tillete å la sko og klede ligga igjen i garderoben etter trening.