Heiane Trening & Helse har inngått samarbeid med Antidoping Norge, og deltek i deira konsept Reint Senter.

Me ønskjer at du som medlem sluttar opp om vår tydelege haldning mot doping.

Antidopingprogrammet inneber at alle må akseptera senterets antidopingpolicy for å vera medlem hos oss.
Dette betyr blant anna at dersom senteret ser teikn på mogleg dopingbruk hos eit medlem, skal det gjennomførast ein samtale med medlemmen. Etter denne samtalen kan det bli iverksatt dopingkontroll, eller medlemmen vert given moglegheita til å seia opp sitt medlemskap.

Det vil ved jamne mellomrom verta utført dopingkontrollar ved senteret.

www.rentsenter.no kan du som medlem finna informsjon om doping og moglege helsekonsekvensar ved dopingbruk.

Me oppmodar alle til å ta e-læringsprogrammet via http://www.rentsenter.no/
Her lager du ein eigen brukar og oppgir senterkoden: ES34B
Etter gjennomført opplæring vil du motta eit diplom som bevis på fullført e-læring.