Alt om kontrakt og betaling

- Teiknar du medlemsavtale med oss kan du vejle 6 eller 12 mnd binding. Me har og avtalar utan binding.

- Betaling skjer fortrinnsvis ved avtalegiro. Denne signerer du og sender inn til BBS (bankens betalingssentral).
Det tar gjerne eit par mnd før trekk er ordna. I denne perioden vil du få tilsendt faktura.

- Du kan ikkje sei opp avtalen i bindingstida.

- Etter at bindingstida er ute fortsetter avtalen. Då kan du sei opp når du måtte ønska.

- Oppseiing skal skje skriftleg. Dette gjeld og avtalar utan binding.

- Oppseiingstida er 1 mnd etter første månadskifte etter du har levert inn oppseiing. Dette gjeld og avtalar utan
binding.

- Alle banktrekk og fakturaer har forfall den 20. kvar mnd. Dette er betaling for heile innverande mnd.

- Det er du sjølv som har ansvar for å følgje med på at trekket ditt går frå konto kvar mnd. Avtalegiro er ein
enklare form for "faktura" og vert purra på lik linje med fakturaer som ikkje vert betalt.

- Alle uteståande krav vert sendt til purring etter 14 dagar. Purregebyr på kr 60,- kjem då i tillegg.

- Om du sletter avtalegiroen din i bindingstida kan Heiane Trening & Helse fakturera deg for restbeløpet.

- Kontrakten kan settast på "frys" ved sjukdom, graviditet og militærteneste. Dette skal skje ved skriftleg søknad. Ferie er ikkje gyldig grunn.