Trivselsreglar og sikkerheit
Sikkerheitsreglar
- Medlemmen skal følgje instruksar gitt av HTH's personale når det gjeld treningsmetodar og handtering av treningsutstyr.
- Kun tilsette hos HTH får instruera og trena våre medlem. Ta kontakt med ein av våre medlemstrenarar dersom du treng hjelp med eit apparat eller ei øving.
- Born under 15 år har ikkje tilgang til treningsstudio, salane eller garderobar på grunn av risiko for skadar på seg sjøl og andre. (I forbindelse med spesielle timar og konsept vil HTH likevel gi born tilgang.)
Trivselsreglar
- Opptre høfleg mot andre som er på senteret. Ikkje opptre forstyrrande ovanfor andre.
- Me oppmodar våre medlem til å begrensa snakk i mobiltelefon.
- Bruk reine sko for trening inne.
- Vis omsyn til andre. Bar overkropp eller klede som kan vera støytande er ikkje lov hos HTH.
- Tren alltid i reint treningstøy. Ver nøye med reinslighet og kroppshygiene. Barbering i dusjen er ikkje lov.
- Av omsyn til allergikarar ber me om at medlemmane er moderat med bruk av parfyme og liknande.
- Av hygieniske årsaker ber me om at du alltid bruker håndklede på matter, apparat og i badstuer.
- Tørk av apparat og matter etter bruk. Papir og desinfeksjonsmiddel finn du plassert fleire stader i våre lokale.
- Rydd alltid etter deg. Ingenting er meir irriterande enn å måtte rydde etter andre. Legg vekter, strikkar, matter m.m. på plass etter bruk. Dra ikkje fram meir utstyr enn naudsynt.
- La andre bruke treningsapparat og benkar når du har pause.
- Av omsyn til andre deltakarar i gruppetreningstimar kan HTH nekte tilgang til timen ved seint oppmøte til timen. Har du reservert plass må du møta seinast 10 minuttar før start, eller så vil plassen gå til andre.
- Filming og fotografering er forbode, med mindre dette er avtalt med senterledelsen.
- Du skal logga deg deg inn i vår resepsjon ved ankomst. Har du gløymt medlemskortet kan me logga deg inn manuelt.
- Gyldig nøkkelkort skal visast fram ved førespurnad frå tilsette, ved stengetid og elles utanom ordinære opningstider.
- Du er og ansvarleg for at garderobane ser bra ut, at tinga dine er inni skapa og at du tar med deg boss, eller nyttar bossbøttene. Hugs at det er mange som trenar og dei fleste vil ha eit triveleg miljø å ferdast i.
Takk for at du følgjer våre sikkerheits- og trivselsreglar.