Med Movescount får du meir ut av treninga - ei visuell oppleving kor pulsen kjem opp i fargekodar på storskjerm i spinningsalen. Etter kvar treningsøkt får du ein detaljert, personleg rapport på e-post om den siste treninga; puls, gjennomsnittspuls, kor lenge du har jobba i dei ulike intensitetssonene, tal på kaloriar forbrent og kva effekt treninga hadde på deg!

Denne rapporten kan du vidare lasta opp i Movescount - ei online treningsdagbok kor du kan leggja alle dine spinningøkter, samanlikne med forrige trening, sjå framgang, samanlikne med vener eller planleggje framtidige treningar.

Under ser du treningsdagboka slik du får den på e-post etter endt treningsøkt.
Korleis koma i gang:

Alt du treng å gjer er å kjøpa deg eit pulsbelte. Dette vil bli koda med systemet vårt, saman med opplysningar om din alder, kjønn, vekt, makspuls og treningsvaner. Ta på deg beltet før spinningøkta startar, systemet vil fanga deg opp, og pulsen din vil visast i ulke fargesoner. Du kan vera anonym ved å benytta kallenamn om du ynskjer, eller delta i treningsdagbok på nett.
Treningsdagbok på nett:

Ynskjer du å ta steget vidare, kjøper du pulsbelte, pluss ei Suunto klokke.

Då vil du kunna loggføre ALLE rteningsøktene dine: skituren i løypa, Zumbatimen, styrketreninga, joggeturen i landåsen - ja alt! Det heile knytest opp til Movescount, som er ei frivillig, nettbasert treningsdagbok. Her kan du enkelt halde orden på treningane dine: kor du var, kva du gjorde, korleis du jobba. Du kan velje å dele dine treningar på Facebook og Twitter, du kan bli med i ulike grupper og diskutere trening med andre brukarar av Movescount, få tips på ruter du kan utforske, finne treningsprogram du kan bruka for å komme i betre form og meir.

Movescount kan brukast både på PC og Mac, og snakkar med alle Suunto klokker.
OBS! Me er utsolgt for SUUNTO M2 pulsklokke, men har fortsatt ein del SUUNTO QUEST på lager.
Det er kun Suunto belter kjøpt hos Heiane Trening & Helse som vil fungere opp mot storskjermen i spinningsalen, men om du allereie eig ei Suunto klokke med dual-pulsbelte, kodar me det for deg mot ein registreringspris på 399,-
Du kan lesa meir om Suunto Fitness Solution her
Har du problem med beltet ditt eller vil veta korleis du reingjer det, kan du gå inn her