Kontakt oss

Heiane Trening & Helse
Postboks 1207,
Ringvegen 45, 5406 Stord

Tlf: 53 40 10 50

E-post:
post@heianetreningoghelse.no



Om Heiane Trening og Helse

Vegbeskriving
Etter ein hektisk vår og sumar, med mykje arbeid, snekring og maling, var me klar for oppstart. Datoen var 01.09. 2004.
Me starta med 1000kvm, 2 tredemøller, 2 crosstrainarar, styrkemaskinar og frivekter. I spinningsalen hadde me 25 syklar. I aerobicsalen hadde me step, styrke, aerobic og DIM & tøy.

Etterkvart som medlemstallet auka såg me behov for utviding. Me bygde ny spinningsal, fekk inn 30 syklar. Kjøpte 10 maskinar for sirkeltrening, som vart plassert i vår småsal. Me kjøpe fleire tredemøller, og har i dag 11 stk. Me kjøpte og 10 romaskinar, av merket consept, som er plassert i tilknytning til småsal og sirkelmaskinar.

Då medlemstalet fortsatte å auka såg me behovet for ytterlegare utviding. Me bygde enda ein sal og der fekk me inn 15 maskinar for gruppetreningskonseptet Indoor Walking. Etterkvart utvida me med ein heilt ny styrkeavdeling, med plate load maskinar, tyngre vekter osv. Me har og ein avdeling for meir funksjonell trening, med kettlebells, bumperplates,stativ for turnringar, chins osv.

September 2014 bytta me ut alle maskinane i det andre styrkerommet og kjøpte Hammerstrenght magasinmaskinar, nyaste modell. Samtidigt bytta me og ut spinningsyklane med 30 nye Life Fitness - LifeCycle. Av saltimar har me pr.i dag zumba, catslide, kettlebells, bootcamp, styrke i sal, basisball, teenagetrening, indoorwalking, spinning med film, spinning med suunto pulsystem, kombitimar med 30min spinn eller 30min indoorwalking i kombinasjon med 30min styrkesirkel. Kombitimar med romaskinar og styrkesirkel.
Me har og fleire bedrifter som har faste timar hos oss, og ungdomslag/fotballag.

Heiane Trening& Helse kan tilby kostholdsprogram, personleg trenar, vektreduksjonsopplegg og livstilsendring.
Me legg og stor vekt på det sosiale, så kvar torsdag har me fruktservering heile dagen. Etter morgontreninga torsdag serverer me kaffi. Trenar du hos oss vil du sjå at her er folk i alle aldrar, fra vår eldste på 89 som kjem kvar dag kl 11.00. (me kan stilla klokka etter han) til alle teenagerene som går på sine eigne timar. Vårt mål er at alle skal passe inn.

Me har for eksempel ein avtale med Fretex som går ut på å få folk med spesielle behov, ryggproblem og diverse, igang med trening. Fretex stiller då med eigen fysioterapeut som tilrettelegg. Dette er med på å få folk i gang og dei fleste fortsett etter endt opplegg.
Dette er ein avtale me vann i konkurranse med andre sentre på Vestlandet.
Me veit at mange kunne tenke seg å prøve å komme i gang med trening, men synest at dørstokken er høg.
Ring oss, eller ta turen innom og du får 2 veker heilt uforpliktende gratis prøvetid.

Beste helsing til alle fra dagleg leiar Ingunn.

Me har hjartestartar og opplært personale på vårt treningssenter.
Me håpar sjølvsagt at me aldri vil få bruk for denne, men har den lett tilgjengelig oppe i resepsjonsområdet dersom det skulle vere behov for den.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du treng rettleiing for opptrening etter skade eller operasjon. Me har personlege trenarar som kan hjelpe deg med det du lurar på.
Heiane Trening & Helse støttar Leger Uten Grenser.
Leger Uten Grenser er ein nøytral og uavhengig medisinsk hjelpeorganisasjon som reddar liv og lindrar naud.
Dei hjelp dei som treng det mest, uansett kven, kvar eller kvifor.

For meir informasjon om Leger Uten Grenser kan du besøke heimesida deira ved å klikke her.

På Instagram finn du oss under brukernamnet @heianetreningoghelse
Her legg me ut bilder frå senteret, diverse info om kampanjar, nye varer, oppkommande arrangement osv.

Inni mellom har me også eigne konkurransar spesielt retta mot følgarane våre på Instagram, her er det verdt å følgje med :)


Heiane Trening & Helse har ei open speleliste på Spotify der alle kan legge inn den musikken dei sjølv ønskjer at me skal spela på senteret.
Her får medlemmane sjølv muligheten til å oppdattere med musikk som motiverar til ei super trenigsøkt.

Følg gjerne brukaren vår.
På Facebooksida vår finn du diverse informasjon om senteret vårt.
Blant anna dersom me blir nøtt til å avlyse ein gruppetime eller liknande vil me poste dette på sida vår. Her legg me også ut bilder, informasjon om oppkommande arrangement, endringar på timeplan m.m.

Dersom senteret er stengt og du ikkje når oss på Mail eller tlf, er me som regel alltid å nå via Facebook. Me prøver vårt beste å svare på meldingar så snart som mulig.

Instagram
Google+