Våre timar












Indoor Walking
Kjempespanande konsept for gruppetrening der me nyttar ellipsemaskinar!
Prinsippet kan minna litt om spinning, men her står me oppreist og trenar.
I tillegg til at me nyttar bein nyttar me og armane. Me har berre 14 maskinar så det vera lurt å tinga plass på førehand.














Zumba
Kjempekjekk trening med latinske rytmar ein vert glad av. Her kan alle vera med, ung eller gammel.
I hovudsak er det Merenge, Salsa, Reggaeton og Cumbia som er dansesjangerane, men me legg gjerne til alt frå pop og hip hop til samba, swing og bollywood :D
Toning: Her legg instruktøren inn styrke og oppstramande øvingar med kjekke zumba-manualar med litt "lyd" i ;)












Bootcamp
Dette er sirkeltrening med høg intensitet og øvingar for både styrke og kondisjon. Timen er for deg som ynskjer ei utfordring som gir resultat. Utstyr me nyttar er blant anna sandsekkar, kettlebells, TRX-slynger, medisinballar, sklimatter, step, romaskin, strikk og eiga kroppsvekt.













Styrkesirkel
Her har me sirkeltrening og nyttar styrkeapparat i eigen sal, ofte kombinert med romaskinar. Her får du trena heile kroppen i enkle maskinar med instruktør som rettleiar..











Spinning
Dette er innandørs sykling og passar for alle! Du styrer sjølv motstanden. Ein trener både kondisjon og forbrenning.
Ynskjer du meir resultatretta trening kan du kjøpe SUUNTO pulsbelte hos oss. Registrer deg i systemet og du vert knytt opp mot pulsbiletet på storskjem. Resultatet vert sendt direkte til deg på epost etter kvar økt.
Somme timar køyrer me GLOBERACER, då følgjer me spanande løyper på storskjerm.










Catslide
Dette er styrketrening der me brukar sklimatter med lav friksjon under føter og hender. Du bruker kroppstyngda di som belasting og kontrollerer kor tungt du jobbar ved å skli kortare eller lenger ut frå utgangspunktet. Du kan enkelt auka belastina når du vert sterkare. Her jobbar du mest med kjernemusklaturen som er dei djupe rygg- og magemusklane. Desse musklane er viktige for god kroppshaldning og balanse. Me har òg fokus på sete og lår.











Styrke i sal
Dette er rekna som verdas raskaste måte å koma i form på. Kjempeeffektiv feittforbrenning og oppstraming. Her brukar me vektstenger og trenar heile kroppen på ein enkel og effektiv måte. Her er det musikk og god stemning!














Styrke overkropp
Her trenar me styrke for overkroppen med vektstenger og manualar. Dette er ein time som passar for alle og er ein super kombinasjonstime. På onsdagar kan den kombinerast med Indoor Walking som startar før eller etter, og på fredagar kan den kombinerast med Spinning som startar rett etter.











Basisball
RAW: Hovudfokus på denne timen er uthaldande og eksplosiv styrke. I tillegg stiller dei fleste øvingane krav til stabiliserande styrke. Ei treningsform som fokuserer på treningseffekt for store delar av kroppens muskelgrupper.
4X4: Her er fokuset langintervall, høg puls og effektivitet. Langintervalltrening vekslar mellom periodar med høg intensitet og periodar med kvile.












D.I.M. & tøy
Djup Intensiv Muskeltrening og Tøy.
Dette er timen for deg som vil strama opp og verta mjuk i kroppen. Timen er utan hopp og sprett og passar alle. Me bruker eigen muskelstyrke, ingen vekter. Lår, legger, sete, mage og korsrygg er hovudmusklane som vert trent. Me tøyer både før, under og etter at øvingane er gjennomført.














Teenagetimar
Dette er eigne timar for dei mellom 12-15år. Me nyttar spinning, sirkeltrening, zumba og hip hop.

















Booty builder
På denne timen er det fokus på trening av sete og lår. Me brukar kroppsvekt, strikkar og/eller vekter.
Timen varer ca 25 minutt og er super å kombinera med Spinning (30 min) som startar rett etter.


.
Instagram
Google+